Laster Arrangementer

Snåsa Ungdomsklubb arrangerer sykkeltur til Grønøra

Sykkeltur til Grønøra, med grilling og bading

Arrangementet er opent for alle som skal starte i 7. til hausten og oppover.

Felles start ved Pakkhuset kl. 12.00. Viss du ikkje vil sykle kan du møte opp på Grønøra kl. 13.30.

På Grønøra skal vi grille, og det er mogleg å bade.
Gratis grillmat for dei som gir beskjed til Ingveig Hegland innan måndag 3. juli, på telefon 481 95 458. Alle tar med eigen drikke.

Hugs hjelm! Felles retur frå Grønøra kl. 15.00.

Plan B viss dårleg vêr: Oppmøte på Pakkhuset, så går vi til Ingveig der vi kryr inn i uthuset. Det vil i så fall kome beskjed på Snapchat og Facebook.

Info om aktiviteten

Hobby/ fritid

Starter 04. juli 2023 Kl. 12:00

Fv763 139, 7760 Snåsa, Norge